lørdag 15. januar 2011

Nytt KREATIVT år!!!

Sånn går no dagan...og eg er FRISK att for lenge sidan! Men så teknisk som eg er, vart det ikkje ordna meir på bloggen..men det kan jo endre seg!!! Håpar på eit kreativt år - sit no og lagar ferdig julegåver for 2010... Ja, vart ikkje ferdig gitt! Her skjedde det andre ting før jul..så då må ein prioritere! Eg valde å prioritere vekk både jul og gåver.. til fordel for KJÆRLEIK! Guten har traktor (feil merke dog), tresker og skog! Bur på det "flate" austlandet - fint der.. ;) Må no kunne kallast KREATIVT å droppe julegåver?? Går framleis i Hjertegrytevotter her. Strikkes og toves, mønster frå Stoff & Stil. Bilete..kjem når eg skjønar korleis ein gjer det! Har elles liggende mange prosjekt! Eg er med på å drive "KKK" i menigheten her. KKK står for Kreativ Kveld for Kvinner! (så kan me variere innhald på dei kkk når me ynskjer...). Kvar torsdag møtes me nokre timar. Alle har med det dei held på med av kreative prosjekt - eller snakketøyet! Veldig kjekt og KREATIVT! Før jul hadde me KKKK - konfekt kveld for kreative kvinner! Mmmmm---det var søtt og kjekt det! Framover skal me ha kvelder der me lærer bl.a. å sy handlenett og andre lure praktiske varer! Jula 2011 er starta på! (må berre bli ferdig med 2010 og..) Ynskjer dykk alle eit KREATIVT GODT NYTT ÅR!!!

1 kommentar:

  1. ...næmmen..har du fått blogg!! det blir spennende....Hurra!!

    SvarSlett