Ja her er eg aktiv - om enn ikkje i bloggverda så iallefall på kjærleiksfronten! No skal me gifta oss - eg og min varmeproduserande kjæraste Terje! (som akkurat no kapper ved til vinteren...)
9.juni er den O STORE DAGEN. Me skal vie oss i Nannestad kirke der eg er døypt, min foreldre er via der og slekta mi elles har hatt andre markeringar i sorg og glede der! Pappa skal vere presten, Per Inge (bror) skal vere kantor. Kjenner det KRIBLER!! Prinsessa har fått sin prins!!! Kjære tid kor stort!
På invitasjoner som me har sendt ut til mange av våre kjære - sa me at det skulle koma ynskjeliste her! No kjem det nokre linkar og nokre sprø ynskjer!
Liste navn: Kari og Terje Gjestepassord: kariterje
På ALNY GLASS - har me laga ynskjeliste. Her har dei og gåvekort. Butikken her sel alle varer med 20 % rabatt. Er nok ein stad me kjem til å supplere service og bestikk sidan dei har så gode tilbod. (same service og bestikk er notert på Christiania Glasmagasin også)